Av: Elisabeth Hatlenes og Sverre Øvrelid Steen i innsatsgruppa for Stad skipstunnel
Regjeringa ville stoppe Stad skipstunnel fordi han var for dyr. Når eit nøkkelferdig prosjekt blir stoppa og stempla som «sløsing», medan andre prosjekt går vidare utan same kritiske blikket, er det skeiv – ikkje hard – prioritering.
Kva vi bør bruke pengar, på er ein nødvendig diskusjon. Men når analysane i hovudsak fangar opp trafikkgrunnlag og spart reisetid, og i liten grad verdset stabilitet i eksport, operasjonell risiko og sårbarheit i forsyningslinjer, får vi eit avgjerdsgrunnlag som undervurderer tydinga av kystinfrastruktur.
Det som ikkje blir målt, blir heller ikkje prioritert.
For sjøfart, fiskeri og havbruk er ikkje Stad utkant, men ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i landet. Når vêr og risiko gjer transport uforutsigbar, påverkar det heile verdikjeder – frå produksjon til eksport. Spørsmålet er ikkje berre om tunnelen er lønnsam, men kva det kostar å la vere.
Prosjekt som dette blir vurderte som om Norge var ein forstad til Oslo: som om avstandane er korte og alternativa mange. For kysten er det motsett. Uforutsigbare farvatn og sårbare transportårer er normalen.
Når investeringar i sentrale strok blir vurderte ut frå vekst og etterspurnad, medan kysten må forsvare seg gjennom snevre nytteberekningar, oppstår ei systematisk skeivheit i kva som framstår som rasjonell prioritering.
Slaget om Stad handlar om makt og kven som får sine behov løfta opp som nasjonale omsyn, og kven som får sine erfaringar redusert til lokale kjensler. Økonomisk risiko er synleg og målbar. Risikoen ved å undergrave politisk tillit er mindre synleg, men reell. Som Paal Espen Wingaard peikar på i eit nyleg innlegg i Sunnmørsposten, har handteringa av saka fått preg av det mange opplever som politisk inkonsistens og symbolhandlingar.
Når prosjekt blir haldne levande gjennom utgreiingar og vedtak i årevis, blir det for enkelt å avfeie forventingane som urealistiske den dagen prioriteringane snur. Problemet er ikkje manglande realisme i distrikta, men manglande politisk ansvar for dei forventningane som er skapte og den tilliten ein er sett til å forvalte. Det er ikkje nøktern prioritering å sjå bort frå risiko ein sjølv ikkje er utsett for.
Kva som framstår som realistisk politikk, blir ikkje berre rekna ut. Det blir definert.