Om prosjektet
Stad er eitt av dei mest vêrutsette og krevjande havområda i landet.
Kombinasjonen av storhavet frå vest, sterke straumar og raskt skiftande vêrforhold har gjennom generasjonar gjort området til ein flaskehals for sjøtransport på norskekysten. Mange fartøy må vente på betre vêr eller velje lengre og mindre effektive ruter.
Tunnelen vil bli om lag 1,7 kilometer lang og skal gå gjennom Stadlandet mellom Kjødepollen og Vanylvsfjorden.
Prosjektet handlar ikkje berre om samferdsel. Det handlar om tryggleik, beredskap og verdiskaping langs kysten. For sjøfart, fiskeri og havbruk er Stad ikkje eit lokalt ytterpunkt, men ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i landet. Når vêr og risiko gjer transport uforutsigbar, påverkar det heile verdikjeder – frå produksjon til eksport.
Skipstunnelen er planlagt for fartøy opp til:
Regionale ringverknader
Sikkerhet
Klima og miljø
Pris
Nytteverdi
Målet med Stad skipstunnel
- Redusere risikoen for ulykker og venting i vêrutsette farvatn
- Skape meir føreseieleg sjøtransport
- Styrkje beredskap og regularitet langs kysten
- Leggje til rette for grønare transport og meir gods frå veg til sjø
- Styrkje verdiskaping og eksport frå kystnæringane
Prosjektet har vore gjennom fleire tiår med utgreiingar, planlegging og politiske vedtak. Stad skipstunnel er i dag eit kontraktsklart prosjekt med ferdige anbod og gjennomført anskaffingsprosess.
Om innsatsgruppa
Innsatsgruppa for Stad skipstunnel består av:
- Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest)
- Tommy Sperre (Ålesundregionens næringforening)
- Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane næringsråd)
- Sverre Øvrelid Steen (Sunnmøre regionråd)
- Elisabeth Hatlenes (Region Fjordane)
- Linn Therese Skår Hosteland (Kystrederiene)
Dei arbeider på vegne av styringsgruppa som er samansett at dei to fylkeskommunane, NHO, LO, Hurtigbåtforbundet, Fiskarlaget og vertskommunane. Gruppa har ei koordinerande rolle i å samle kunnskap og følgje opp arbeidet med Stad skipstunnel.