Stad stoppar Noreg. Her er løysinga

Tunnelinngangen i Moldefjorden. Foto: Kystverket

Stadhavet er eit av dei mest krevjande havområda i Europa. Fiskarar, sjøfolk og redri taper tid, pengar og tryggleik kvar einaste dag. No ligg løysinga klar på Stortinget sitt bord.

Vi har snakka med ein fiskar med nærare 600 passeringar bak seg, leiaren av Norsk
Sjøoffiserforbund og ein reder som planlegg kystlogistikk for å frakte grus og asfalt til avgjerande vegprosjekt langs heile kysten kvar einaste dag. Her er kva dei seier.

– Vi kan ikkje setje pris på eit menneskeliv

Geir Magne Røys har fiska sidan 1982 og passert Stad nærare 600 gonger. Han har mange år bak seg som tillitsvald i Norsk Fiskarlag og styreleiar i Vest-Norges Fiskesalslag.

— Stad er utan tvil det mest uføreseielege havstykket du kan krysse i Noreg. Det er ikkje berre vindstyrken: Det er bølgjene. Asymmetriske, krapp sjø, mykje landsjø. Du trur du veit kva du går inn i: Så er det verre.

Den 15. desember 2003 passerte han Stad med ein 15-meter linebåt med ung besetting. Dei tok sjansen. Dette var same natt som MS Midnatsol fekk motortrøbbel på same havstykket.

— Vanlegvis tek det fire timar frå Fosnavåg til Måløy. Den natta brukte vi åtte. Hadde motorane stoppa, hadde det vore katastrofe. I dag hadde eg late dei bli liggjande på Møre til jul. Men unge folk tek sjansar.

For fiskerinæringa er kostnadane konkrete: pelagiske fiskebåtar vel lossehamn etter kva side av Stad dei er på: ikkje etter kvar prisen er best, eller kva foredlar dei helst vil nytte. Sildelaster med direkteleveranse til Nederland og Sverige kan ikkje vente dagar på eit vêrvindu. Brønnbåtar i oppdrett møter same problem.

— Ventetida er ikkje gratis. Og ho gjer at folk ikkje tør å satse. Eg vil ikkje vente til vi får ei stor ulykke. Då er dei i fjøra før nokon rekk å bergje deg. 

– Stadhavet gjer livet vanskelegare for dei heime

— Familiane følgjer med på Marine Traffic. Dei ser når skipet nærmar seg Stad. Redselen heime er reell — for kona, ungane, foreldra. Det kjem ikkje med i nokon statistikk, men det er ein del av kvardagen vår. Stad skipstunnel kjem til å gi rolegare sjøfolk og rolegare familiar.

Marius Strømmen er styreleiar i Norsk Sjøoffiserforbund, som organiserer 8 000 maritime leiarar og offiserar på norske skip. Han er òg kaptein på Rostein og brukar farvatnet sjølv.

— Den daglege risikoen er slitasjen. Tre til åtte timar i grov sjø ved Stad. Det er som eit tivoli ombord, alt trillar over alt. Dei som søv får ei dårleg natt. Dei som er på arbeid eller er passasjerar bli skada. Trøytt mannskap tek dårlegare avgjerder, og blir slitne. Den største enkeltfaren er likevel stopp i maskin: Med skjer og grunner rundt deg er situasjonen fort kritisk.

Forbundet har eit einstemmig vedtak for tunnelen, med støtte frå LO sin kongress.

Marius Strømmen tok med stortingspolitikarar på tur rundt Stad i simulator.

– Vi må dessverre leggje opp logistikken etter vêret

I overkant av 40 prosent av godstransporten innanriks og 80–90 prosent av  eksporten går til sjøs. På same måte som ulykkes- og rasutsette vegar kan blir sikrare og meir stabile transportkorridorar ved å byggje tunnel, kan Stad bli eit tryggare og meir stabilt punkt på hovudleia langs kysten.

Reder Mary-Ann Mostraum driv Roslagen Shipping saman med mannen sin, eit familierederi i Nordhordland med fire skip i kystfart. Dei frakter sand, singel og asfalt i spotmarknaden, der leveringspresisjon er avgjerande.

– Skal vi forbi Stad, er det ikkje logistikken som styrer – det er vêret, fortel ho. Det har store konsekvensar for Roslagen Shipping, andre reiarar og kundane deira, når dei må liggje på eine eller andre sida av Stad.

– Når skipa blir vêrfaste, mistar vi fort den neste lasta. Ventetida kostar mykje, og returlasta ryker også.

Mary-Ann Mostraum driv Roslagen Shipping i Nordhordland.

Ho peikar på at dette handlar om meir enn økonomi:

– Først og fremst handlar dette om beredskap og sikker segling. Vi må ha trygge og føreseielege forhold for å kunne drive forsvarleg langs kysten.

Mostraum set det inn i ein større samanheng:

– Vi fraktar mellom anna asfalt til vegprosjekt langs kysten og er ein del av ei forsyningskjede. Då må infrastrukturen spele på lag der vi kan gjere farleia tryggare. Ein trygg og føreseieleg passasje ved Stad gir betre flyt, færre forseinkingar og meir stabile leveransar. Det handlar om sikker segling og beredskap langs kysten.

— Næringa treng tunnelen no. Kysten er ei av dei viktigaste transportårene vi har, men i dag er det vêret som set grensene – ikkje behova. Slik kan vi ikkje halde fram.

— Skal vi sikre leveransar, arbeidsplassar og ein fungerande kystlogistikk, må infrastrukturen på plass. Då kan vi planleggje etter oppdraga – ikkje etter vêret.


ANNONSE

Denne artikkelen er ein del av ein annonsekampanje hos VG og Aftenposten. Kampanjen skjer med støtte frå følgande bedrifter og organisasjonar:

    • Brunvoll
    • Ervik Group
    • Havila Kystruten
    • Nordfjord Havn
    • Ode
    • Rostein
    • Simona Stadpipe
    • Sølvtrans
    • Trident Aqua Services

  •  

  •  

  •  

  •  

  •  

  •  

  •  

Del dette innlegget

Relatert innhold

Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

RNB er siste strek: No må Stortinget redde Stad skipstunnel

Regjeringa set av null kroner til Stad skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett. Utan 100 millionar kroner i RNB og ei tydeleg...

Vi investerer som om Norge var ein forstad til Oslo

Stad skipstunnel har aldri berre handla om samferdsel. Prosjektet handlar om noko større: kven som får definere kva som er...

Stad skipstunnel handler om verdier 

Hva vil Norge være når havet blir en mer krevende arena - når stormaktene tegner om kartet?...