RNB er siste strek: No må Stortinget redde Stad skipstunnel

Regjeringa set av null kroner til Stad skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett. Utan 100 millionar kroner i RNB og ei tydeleg bestilling om vidareføring frå 2027, har ikkje Kystverket grunnlag for å inngå kontrakt før vedståingsfristen går ut i august. Då døyr prosjektet på dato.
Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.
Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

– Dette er ikkje trygg styring. Det er skeiv prioritering. Regjeringa skrotar kysten for vekslepengar, seier Elisabeth Hatlenes, leiar i innsatsgruppa for Stad skipstunnel.

Prosjektet har ei styringsramme på om lag 8 milliardar kroner, inkludert moms. Fordelt over byggjetida på fem år utgjer det om lag 1,6 milliardar kroner årleg.

– Det verkar som om regjeringa manglar ei grunnleggjande forståing for kva som faktisk driv norsk verdiskaping: kysten, eksportindustrien og dei små og mellomstore bedriftene med globale marknader. Desse treng infrastruktur for å halde fram, seier Hatlenes.

Ho viser til at Nordvestlandet, der Stad ligg, er den mest lønsame delen av landet med høgast eksport per sysselsett.

– Det har Noreg råd til dersom vi meiner alvor med både nullvisjonen på sjøen og verdiskapinga langs kysten. Dette er ikkje der norsk økonomi knekk. Det er der regjeringa vel å trekkje grensa for kva kysten er verd, seier Hatlenes.

Innsatsgruppa meiner regjeringa bommar når Stad skipstunnel blir sett på som eit ulønsamt distriktsprosjekt.

– Stad skipstunnel er ikkje eit lokalt prestisjeprosjekt. For sjøfart, fiskeri og havbruk er Stad ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i Noreg. Når vêr og risiko gjer transport uforutsigbar, påverkar det heile verdikjeder – frå produksjon til eksport, seier Britt Giske Andersen frå Maritimt Forum Nordvest, som òg er med i innsatsgruppa.

Ho meiner at spørsmålet ikkje berre er om tunnelen er lønnsam etter snevre nytteberekningar. Spørsmålet er kva det kostar å la vere.

– Når analysane i liten grad verdset tryggleik, eksport, operasjonell risiko og sårbarheit i forsyningslinjer, blir kystinfrastrukturen systematisk undervurdert, seier Andersen.

Historia viser at analysar av nytteverdi kan bomme kraftig for infrastruktur på Nordvestlandet.

– Vi har sett dette før. Eiksundsambandet vart også vurdert som samfunnsøkonomisk ulønsamt før bygging. I ettertid blei trafikken langt høgare enn venta, bompengane kunne fjernast tidlegare enn føresett, og sambandet bidrog til å skape ein større bu- og arbeidsregion. Spørsmålet vi må stille no, er om vi er i ferd med å gjenta dei same systematiske undervurderingane av kva infrastruktur i vår region kan utløyse, seier Hatlenes.

Innsatsgruppa ber no Stortinget rette opp regjeringa sitt forslag i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett.

Kravet er konkret:

  1. 100 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2026.
  2. Ei tydeleg bestilling om at Stad skipstunnel blir ført vidare i statsbudsjettet frå 2027.
  3. Eit grunnlag som gjer at Kystverket kan inngå kontrakt før vedståingsfristen går ut i august.

– No må parti som meiner alvor med kyst, beredskap og verdiskaping setje hardt mot hardt. Det gjeld særleg partia regjeringa er avhengig av for fleirtal, seier Andersen.

Del dette innlegget

Relatert innhold

Øvst f.v: Elisabeth Hatlenes i Region Fjordane, Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd, Tommy Sperre i Ålesundregionens Næringsforening. Nedst f.v: Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd, Linn Therese Skår Hosteland i Kystrederiene, Britt Giske Andersen i Maritimt Forum Nordvest.

Ein siger for kysten – og for alle som har kjempa for Stad skipstunnel

For sjøfolk, fiskarar, reiarlag, næringsliv, kommunar og lokalsamfunn langs kysten er dette ei historisk avgjerd.Men vedtaket kom ikkje av seg...

Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

Ope brev til statsministeren, finansministeren og fiskeriministeren

Mange reagerer no sterkt på manglande dialog og aukande avstand mellom regjeringa og kysten i ei av dei viktigaste maritime...

Tunnelinngangen i Moldefjorden. Foto: Kystverket

Stad stoppar Noreg. Her er løysinga

Stadhavet er eit av dei mest krevjande havområda i Europa. Fiskarar, sjøfolk og redri taper tid, pengar og tryggleik kvar...

Vi-investerer-thumb

Vi investerer som om Norge var ein forstad til Oslo

Stad skipstunnel har aldri berre handla om samferdsel. Prosjektet handlar om noko større: kven som får definere kva som er...
Handler-om-verdier-thumb

Stad skipstunnel handler om verdier 

Hva vil Norge være når havet blir en mer krevende arena - når stormaktene tegner om kartet?...