Ope brev til statsministeren, finansministeren og fiskeriministeren

Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.
Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

Mange reagerer no sterkt på manglande dialog og aukande avstand mellom regjeringa og kysten i ei av dei viktigaste maritime infrastruktursakene i vår tid. Det handlar ikkje berre om Stad skipstunnel – det handlar like mykje om korleis staten møter lokalsamfunn, næringsliv og sjøfolk når store avgjerder skal takast.

Difor vil vi minne dykk på dette:
Stad skipstunnel handlar ikkje om symbolpolitikk eller lokale særinteresser. Det handlar om nasjonal maritim infrastruktur, tryggleik, beredskap og framtidig verdiskaping langs norskekysten. Prosjektet har brei støtte frå LO, NHO, fylkeskommunar, kommunar, ordførarar, næringsliv og dei største sjøfartsorganisasjonane i landet. Folk som har havet som arbeidsplass har over lang tid bidratt til ein kunnskapsbasert debatt om prosjektet og behovet for tryggare og meir føreseieleg ferdsel langs kysten.

Dei sju største sjøfartsorganisasjonane har nyleg signert eit felles opprop for Stad skipstunnel. Til saman representerer dei om lag 30.000 sjøfolk, 3.600 fartøy og 300 reiarlag. Fylkestinga i både Vestland og Møre og Romsdal har sendt fråsegner med støtte til bygging av skipstunnelen, over 500 verksemder har signert opprop for prosjektet, og seinast stilte 26 ordførarar seg bak eit felles krav om at prosjektet må følgjast opp.
Stad skipstunnel er ikkje berre utgreidd, kvalitetssikra og lyst ut. Prosjektet er også vedteke av Stortinget.
Dette viser tydeleg at Stad skipstunnel er langt meir enn eit lokalt prosjekt. Det er ei nasjonal satsing på maritim tryggleik, beredskap og framtidig verdiskaping langs norskekysten.

Målet vårt er enkelt:
Å sikre at regjering og Storting har best mogleg kunnskapsgrunnlag når framtida til Stad skipstunnel skal avgjerast. Vi har invitert fiskeriministeren til dialogmøte om prosjektet og behova langs kysten.
Fiskeriministeren har ikkje svart – verken på invitasjon eller på påminningar om møte med folk som har arbeidsvegen sin forbi Stadhavet. Det reagerer vi på. Det er heilt legitimt å vere ueinig i ei sak. Men regjeringa må likevel møte næringa med respekt, lytte til erfaringane frå kysten og ta seg tid til dialog med dei som kjenner havet på kroppen kvar einaste dag. Når invitasjonar og førespurnader blir ståande ubesvart, er det vanskeleg å forstå det som noko anna enn at regjeringa ikkje ser behov for å lytte til dei som lever med konsekvensane av avgjerda.

Det er særleg grunn til å minne om dette fordi Bjørnar Skjæran stod i Selje i 2023 og sa: «Når vi seier det, så gjer vi det.» I dag er han kommunal- og distriktsminister. Difor er det mange som no spør om regjeringa har gløymd distrikta. Vi registrerer samstundes at fleire parti står fast ved at Stad skipstunnel er eit stortingsvedtatt prosjekt som fortener ei reell politisk behandling. Det er vanskeleg å sjå korleis tilliten til politiske vedtak kan bevarast dersom eit stortingsvedtatt prosjekt kan stansast etter fullført planlegging, kvalitetssikring og anbod – utan at Stortinget på nytt får ta stilling til saka.

For sjøfart, fiskeri og havbruk er Stad heller ikkje ein utkant. Det er ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i landet. For folka som bur her og arbeider på havet, handlar det om ein trygg arbeidsplass og om å kome trygt heim. For regionen handlar det om regularitet og framkome som må fungere, også når vêret står på som verst. For dykk som politikarar handlar det om å følgje opp eigne mål om meir gods frå veg til sjø, næringsutvikling, beredskap og grøn omstilling.

For sjøfart, fiskeri og havbruk er Stad heller ikkje ein utkant. Det er ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i landet. For folka som bur her og arbeider på havet, handlar det om ein trygg arbeidsplass og om å kome trygt heim. For regionen handlar det om regularitet og framkome som må fungere, også når vêret står på som verst. For dykk som politikarar handlar det om å følgje opp eigne mål om meir gods frå veg til sjø, næringsutvikling, beredskap og grøn omstilling.

Difor reagerer mange når nettopp dette prosjektet blir gjort til målestokken for ansvarleg styring.
Regjeringa kan vere mot Stad skipstunnel. Men regjeringa bør vere varsam med å gjere denne saka til eit symbol på ansvarleg styring. For langs kysten blir det oppfatta annleis. Her handlar ikkje saka om symbolpolitikk. Ho handlar om arbeidsplassar, tryggleik, beredskap og tillit til at staten står ved eigne vedtak.

Når nettopp dette prosjektet blir løfta fram som målestokken på ansvarlegheit, opplever mange at erfaringane frå kysten blir avskrivne snarare enn lytta til. Då er det heller ikkje rart at mange sit att med inntrykket av at diskusjonen ikkje lenger handlar om Stad skipstunnel som prosjekt, men om å demonstrere økonomisk ansvarlegheit gjennom å stoppe nettopp Stad skipstunnel.

Dersom det inntrykket får feste seg, handlar ikkje saka lenger berre om samferdselspolitikk, men også om tillit.
For tillit blir ikkje skapt gjennom ord aleine. Det handlar også om at staten må ta ansvar for eigne planprosessar, utgreiingar og politiske vedtak etter fleire tiår med arbeid og forventningar langs kysten.
Når eit prosjekt er ferdig planlagt, kvalitetssikra, lyst ut og klart for kontraktsignering, er det ikkje berre prosjektet som står på spel. Det gjer også tilliten til staten som langsiktig og føreseieleg samfunnsbyggjar.

Kysten forventar ikkje at alle prosjekt skal byggjast. Men kysten forventar at staten tek ansvar for dei forventningane staten sjølv har skapt. Ingen ber om full finansiering av skipstunnelen i revidert nasjonalbudsjett. Det som trengst er eit nødvendig signal om at kontrakt kan signerast innan fristen, og at staten står ved eigne vedtak og forventningar.

Kysten ber ikkje om særbehandling.

Kysten ber om respekt.

Kysten ber om svar.

Og no forventar kysten at regjeringa lyttar.

Med helsing,
Innsatsgruppa for Stad skipstunnel

Vestlandet, 5. juni

Del dette innlegget

Relatert innhold

Øvst f.v: Elisabeth Hatlenes i Region Fjordane, Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd, Tommy Sperre i Ålesundregionens Næringsforening. Nedst f.v: Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd, Linn Therese Skår Hosteland i Kystrederiene, Britt Giske Andersen i Maritimt Forum Nordvest.

Ein siger for kysten – og for alle som har kjempa for Stad skipstunnel

For sjøfolk, fiskarar, reiarlag, næringsliv, kommunar og lokalsamfunn langs kysten er dette ei historisk avgjerd.Men vedtaket kom ikkje av seg...

Tunnelinngangen i Moldefjorden. Foto: Kystverket

Stad stoppar Noreg. Her er løysinga

Stadhavet er eit av dei mest krevjande havområda i Europa. Fiskarar, sjøfolk og redri taper tid, pengar og tryggleik kvar...

Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

RNB er siste strek: No må Stortinget redde Stad skipstunnel

Regjeringa set av null kroner til Stad skipstunnel i revidert nasjonalbudsjett. Utan 100 millionar kroner i RNB og ei tydeleg...
Vi-investerer-thumb

Vi investerer som om Norge var ein forstad til Oslo

Stad skipstunnel har aldri berre handla om samferdsel. Prosjektet handlar om noko større: kven som får definere kva som er...
Handler-om-verdier-thumb

Stad skipstunnel handler om verdier 

Hva vil Norge være når havet blir en mer krevende arena - når stormaktene tegner om kartet?...