For sjøfolk, fiskarar, reiarlag, næringsliv, kommunar og lokalsamfunn langs kysten er dette ei historisk avgjerd.
Men vedtaket kom ikkje av seg sjølv.
Bak saka ligg fleire tiår med arbeid. Det siste året har innsatsen vore særleg intensiv. Organisasjonar, kommunar, næringsliv, sjøfartsorganisasjonar og enkeltpersonar har stått saman om eitt felles mål: å få på plass tryggare og meir føreseieleg ferdsel forbi Stad.
Innsatsgruppa for Stad skipstunnel har hatt ei sentral rolle i dette arbeidet. Gjennom møte med politikarar, media, næringsliv og organisasjonar har gruppa bidrege til å halde saka levande og sørgje for at erfaringane frå kysten har blitt høyrde.
«Dette har vore arbeid i motbakke, og det har vore sterke krefter som har brukt krafitge verkemiddel og mykje tid på å kjempe mot skipstunnelen. Så dette er først og fremst ein siger for kysten, for samarbeid og for alle dei som har brukt tid, krefter og engasjement på å få fram kvifor prosjektet er viktig.»
Det siste året har innsatsgruppa arbeidd tett saman med sjøfartsorganisasjonar, kommunar, næringsliv og politiske miljø over store delar av landet. Målet har vore å sikre at avgjerda blei tatt på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag.
No kjem vedtaket på plass.
Arbeidet held fram. Men i dag handlar det om å takke alle som har bidratt.
Dette er ein siger for sjøtryggleik, beredskap, verdiskaping og framtidstru langs norskekysten.
– Med tru på kysten og framtida
Helsing Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd, Britt Giske Andersen i Maritimt Forum Nordvest, Linn Therese Skår Hosteland i Kystrederiene, Tommy Sperre i Ålesundregionens Næringsforening, Elisabeth Hatlenes i Region Fjordane og Sverre Øvrelid Steen i Sunnmøre regionråd.
– Innsatsgruppa for Stad skipstunnel –
