Slik kan skipstunnelen styrke ein nøkkelregion for norsk havnæring

Stad skipstunnel vil ikkje berre betre tryggleiken for sjøtransporten. Prosjektet styrker også infrastrukturen for ein av dei mest eksportretta næringsregionane i Norge.

Langs kysten mellom Ålesund og Florø ligg eit av dei sterkaste maritime og marine næringsmiljøa i landet. Her finn vi reiarlag, verft, teknologibedrifter, oppdrettsselskap og fiskerinæring i verdsklasse.

Til saman skaper desse næringane over 100 milliardar kroner i årleg verdiskaping og tusenvis av arbeidsplassar langs kysten.

Tunellområdet i Moldefjorden. Det blir bro/gangvei fra den ene til den andre siden.

(ENG) Overview picture of the tunnel entrance in the Moldefjord.
Foto/illustrasjon: Kystverket/ Multiconsult /LINK Arkitektur

Store ringverknader for næringsliv og lokalsamfunn

Ei ringverknadsanalyse viser at prosjektet kan styrke næringslivet, arbeidsmarknaden og busetnaden i ein av dei mest verdiskapande regionane i Norge. Dette er ringverknadene som kjem i tillegg til den samfunnsøkonomiske nytta, og støttar opp føresetnadene for å drive verksemd ved kysten mellom Ålesund og Florø.

Betre vilkår for næringslivet

Når reisetida blir kortare og transporten tryggare, blir det enklare å drive næring i regionen.

Bedrifter som er avhengige av transport kan få lettare tilgang til marknader, leverandørar og arbeidskraft. Det kan styrke konkurranseevna til både lokalt og regionalt næringsliv.

Samtidig kan betre infrastruktur leggje grunnlag for auka verdiskaping og nye etableringar i regionen.

Større arbeidsmarknad

Kortare reisetid gjer det lettare å pendle mellom kommunar.

Det kan føre til at arbeidsmarknaden blir større og meir integrert. Verksemder får betre tilgang på kompetanse, og innbyggjarane får fleire jobbmoglegheiter.

Auka pendling kan dermed styrkje både næringsliv og sysselsetjing i regionen.

Meir attraktivt å bu i regionen

Når tilgjenge og framkome blir betre, kan også fleire ønskje å bu i området.

Betre samferdsel kan redusere avstandsulempene i regionen og gjere det lettare å kombinere arbeid, bustad og fritid.

Effekten på busetnad vil likevel også vere avhengig av lokal bustadpolitikk og næringsutvikling i kommunane.

Betre beredskap og offentlege tenester

Betre transportløysingar kan også styrke tryggleik og beredskap.

Kortare reisetid gjer det lettare å nå fram til viktige offentlege tenester. Samtidig kan responstida for naud- og beredskapstenester bli redusert.

Aktivitet i anleggsperioden

I sjølve anleggsperioden vil prosjektet òg gi ringverknader.

Utbygginga kan skape lokal aktivitet gjennom sysselsetjing og bruk av lokale leverandørar. Samstundes kan anleggsarbeidet gi nokre mellombelse ulemper for lokalsamfunna i området.

Næringsstruktur i regionen til Stad skipstunnel

Samla vurdering

Samla sett peikar analysen på at prosjektet kan gi positive regionale ringverknader.

Styrkt næringsliv, ein større arbeidsmarknad og meir attraktiv busetnad kan bidra til vidare utvikling av regionen. Desse effektane kjem i tillegg til den direkte nytta av betre transport og støttar opp under nasjonale mål om verdiskaping og levande lokalsamfunn.