Kva kostar Stad skipstunnel?

Den oppdaterte kostnadsramma frå Kystverket viser ein pris på 8,6 milliardar kroner – ein reduksjon frå tidlegare anslag på 9,4 milliardar kroner.

Denne prisreduksjonen kjem i eit tid der andre store samferdselsprosjekt blir dyrare, og viser at dette prosjektet lar seg vidareutvikle og optimalisere.

Kostnadsramma inkluderer også meirverdiavgift på 25 %, noko statlege samferdselsprosjekt på veg og bane ikkje må rekne med og er kostnader som går tilbake til staten.

Kostnadsramme Stad skipstunnel

Vedtaket i 2021

I 2021 vedtok Stortinget ei kostnadsramme for Stad skipstunnel på 5,3 milliardar kroner.

Kostnadsramma er basert på det som blir kalla P85. Det betyr at det er høg sannsynlegheit for at prosjektet skal kunne gjennomførast innanfor denne ramma.

I tillegg til kostnadsramma finst det ei styringsramme.

For Stad skipstunnel var styringsramma i 2021 sett til 4,5 milliardar kroner. Dette talet er basert på P50, som betyr at det er om lag 50 prosent sannsynlegheit for at prosjektet kan gjennomførast innanfor denne ramma.

Kan tala samanliknast?

Tala på 5,3 milliardar i 2021 og 8,6 milliardar i 2026 kan i utgangspunktet samanliknast.

Begge beløpa er oppgitt i kroner inkludert meirverdiavgift. Samtidig byggjer dei på ulike grunnlag. Den første ramma er eit vedtak frå Stortinget, medan det høgare talet er basert på dei tilboda frå entreprenørar i marknaden.

Fakta

Kvifor må ein rekne med moms for skipstunnelen, medan ein slepp i andre store samferdselsprosjekt?

Det handlar om korleis prosjekta er organiserte. For veg og jernbane blir momsen i praksis ført tilbake til staten, og i analysar og prioriteringar brukar ein ofte tal utan moms.

For Stad skipstunnel blir momsen rekna som ein del av kostnaden, og er inkludert i prisen. Det gir eit skeivt samanlikningsgrunnlag, og handlar meir om rekneskapsreglar og politikk enn om reelle kostnader.