Konsekvensane for klima og miljø med Stad skipstunnel
- Stadhavet er eit særleg verdifullt og sårbart område
- Opptil 62 % lågare drivstoffbruk for enkelte fartøy
- Om lag 130 000 tonn CO₂ spart over levetida
- Om lag 3 millionar kubikkmeter fjell blir tatt ut
- Mål om null deponi på havbotnen
Eit sårbart og viktig havområde
Stadhavet er peikt ut som eit særleg verdifullt og sårbart område i dei nasjonale forvaltningsplanane for havet
Det betyr at området har stor verdi for naturen, mellom anna for sjøfugl, fisk og marine pattedyr. Styresmaktene stiller difor strenge krav til nye inngrep. Miljø, tryggleik og næringsaktivitet må vurderast samla.
Tryggare farvatn og mindre risiko
Stadhavet er eitt av dei mest vêrutsette havområda i landet.
Ein viktig miljøeffekt av tunnelen er at han kan redusere risikoen for ulykker. Mindre fare for havari betyr også mindre risiko for akutte utslepp, til dømes olje.
Dette er ein del av miljøbiletet som ofte får mindre merksemd, men som er viktig i ei heilskapleg vurdering.
Meir sjøtransport kan gi lågare utslepp
Eit sentralt spørsmål er om tunnelen vil føre til meir transport – og om det er bra eller dårleg for klimaet.
Overføring av gods frå veg til sjø er eit nasjonalt mål. Sjøtransport har vesentleg lågare utslepp per transportert eining enn vegtransport.
Auka sjøtransport må difor vurderast som ein mogleg klimaeffekt, ikkje eit problem i seg sjølv.
Lågare energibruk for fartøy
Berekningar viser at fartøy som brukar tunnelen vil få lågare energibruk enn i dag.
Ved å sleppe å vente på betre vêr eller gå lange omvegar, kan drivstofforbruket bli redusert betydeleg. For dei båtane som vil bruke tunnelen mest vil det vere snakk om opptil 62 % lågare drivstofforbruk og CO2-utslepp.
Samla klimarekneskap
Samla analysar viser at prosjektet kan gi eit netto utsleppskutt over levetida.
Utslepp frå bygging blir vegne opp av reduksjonar i drift, mellom anna gjennom:
- mindre drivstoffbruk
- mindre venting
- overføring av transport frå veg til sjø
Massehandtering i verdsklasse
Bygginga av tunnelen vil gi store mengder steinmassar. Sjølv om Kystverket har rekna også på sjødeponi, er planen at massene skal brukast til å utvikle nye næringsområde i regionen.
Dette er eit døme på sirkulær bruk av ressursar i eit stort infrastrukturprosjekt.
Det er stor etterspurnad etter massane, og skulle tilsvarande vore henta ut frå steinbrot ville det representert ein stor miljøinngripen.
Strenge miljøkrav i gjennomføringa
Prosjektet er underlagt strenge krav frå styresmaktene.
Desse omfattar mellom anna:
- omsyn til gyte- og hekkesesongar
- kontroll med inngrep i sjø
- tiltak for å hindre plastforureining
Det blir også stilt krav til materialbruk, energibruk og gjennomføring i anleggsperioden.
Nullalternativet har også konsekvensar
Å ikkje bygge tunnelen er heller ikkje eit nullscenario utan miljøeffektar.
Dagens situasjon inneber:
- vedvarande risiko for ulykker
- fare for akutte utslepp
- meir krevjande transport i eit område med aukande ekstremvêr
Samla vurdering
Klima- og miljøeffektane av Stad skipstunnel er samansette.
Prosjektet gir inngrep i natur, særleg i anleggsperioden. Samstundes kan det bidra til lågare utslepp, tryggare transport og meir effektiv ressursbruk.
Det avgjerande er korleis prosjektet blir gjennomført, og kva krav som blir stilte til miljø og løysingar.