Nytteverdi er meir enn det som kan reknast

Visste du at det er fleire andre statlege samferdsleprosjekt som er sett i gang eller under planlegging, som har lågare samfunnsnytte enn Stad skipstunnel?

Samfunnsnytten av Stad skipstunnel blir ofte målt i tal. Men ikkje alle verdiar let seg fange i modellar. Tryggleik, beredskap og utvikling langs kysten er ein viktig del av det samla biletet.

Mørk tunnel med vannrenne, steinvegger og to arbeidere i knalloransje dresser som går mot fjernt lys.
Foto/illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/Plomp

Kva seier modellane?

Samfunnsøkonomiske analysar er tilpasse vurdering av store veg- eller baneprosjekt. For Stad skipstunnel har desse modellane vist ein negativ nytteverdi, som viser at ein får att 5 øre for kvar investerte krone.

Slike tal gir eit viktig grunnlag for prioriteringar. Samstundes er det brei semje om at modellane har avgrensingar.

Mange samferdselsprosjekt i Noreg kjem negativt ut før dei blir bygde – men får høgare nytte i ettertid.

Det er fleire andre statlege samferdsleprosjekt i under planlegging eller som er set i gang, som har lågare samfunnsøkonomisk nytte enn skipstunnelen.

Manglar ved modellane

Det finst få, om nokon, samanliknbare prosjekt med ein skipstunnel av denne storleiken.

Det gjer det vanskeleg å rekne presist på effektane.

Samtidig fangar modellane dårleg opp:

  • tryggleik og redusert risiko
  • beredskap og strategisk betydning
  • effektar for næringsliv og verdikjeder

Dette er verdiar som kan vere avgjerande, men som er vanskelege å sette tal på.

Tryggleik som nytteverdi

Stadhavet er ein av dei mest krevande delane av norskekysten.

Når skip må vente på betre vêr, eller ta omvegar, aukar både risiko og kostnader.

Til dømes kan Kystruta Havila leggje til kai i Trondheim og bookar passasjerar om til fly viss forholda over Stad er for ille, med tilhøyrande millionkostnader per avgang.

Tunnelen vil gi meir føreseieleg transport og redusere risikoen for ulykker. Dette har ein klar verdi, sjølv om han ikkje alltid blir fullt ut rekna inn i analysane

Ein del av den nasjonale infrastrukturen

Skipstunnelen handlar ikkje berre om eitt område.

Han er ein del av hovudtransportåra langs kysten, der store delar av norsk eksport går.

Når denne ruta blir meir stabil, styrkar det verdikjeder innan fiskeri, havbruk, industri og logistikk

Dette er effektar som strekk seg langt utover sjølve tunnelen.

Effektar for næringsliv og industri

Meir føreseieleg transport gir betre vilkår for næringslivet.

Bedrifter får:

  • sikrare leveransar
  • mindre ventetid
  • betre tilgang til marknader

Dette kan bidra til auka verdiskaping langs kysten.

Desse effektane kjem i tillegg til det som blir målt i dei tradisjonelle modellane.

Nye moglegheiter for transport

Tunnelen kan også leggje til rette for nye transportløysingar.

Det gjeld mellom anna:

  • nye hurtigbåtruter langs kysten
  • meir effektiv godstransport til sjøs

Slike endringar kan gi både betre mobilitet og lågare utslepp over tid.

Turisme og opplevingar

Stad er eit kjent og dramatisk kystområde.

Ein tryggare og meir tilgjengeleg sjøveg kan også opne for nye moglegheiter innan reiseliv og opplevingar.

Dette er ein effekt som er vanskeleg å måle på førehand, men som kan bli viktig over tid.

Erfaringar frå andre prosjekt

Erfaringar viser at nytteverdi ofte blir undervurdert før prosjekt blir realiserte.

Fleire samferdselsprosjekt har gått frå negativ til positiv samfunnsnytte etter opning, mellom anna fordi bruken blir høgare enn venta.

Etterevalueringer av 14 samferdselsprosjekt viste til dømes at kun 4 blei stempla som lønsame i forkant av gjennomføring. Etter realisering auka den samfunnsøkonomiske lønsemda med 2300 prosent i snitt. Kun to prosjekter forblei ulønnsomme – eitt av dei marginalt.

Nullalternativet har også konsekvensar

Å ikkje bygge tunnelen er heller ikkje eit nullscenario utan miljøeffektar.

Dagens situasjon inneber:

  • vedvarande risiko for ulykker
  • fare for akutte utslepp
  • meir krevjande transport i eit område med aukande ekstremvêr

Ei breiare vurdering

Nytteverdien av Stad skipstunnel kan ikkje berre målast i eitt tal.

Han handlar også om:

  • tryggleik for dei som ferdast på havet
  • styrke i nasjonale verdikjeder
  • utvikling av kystsamfunn
  • beredskap i ei utryggare verd

Dette er verdiar som krev ei breiare vurdering enn det modellane åleine gir.