Om prosjektet

Stad skipstunnel er planlagt som verdas første fullskala skipstunnel gjennom fjell, mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Prosjektet skal gjere sjøtransport tryggare og meir føreseieleg for fiskeri, havbruk, passasjertrafikk og annan næring langs kysten.
Rødt lasteskip lagt til kai ved betongkonstruksjon med høstskogkledde åser bak, blått vann i forgrunnen.
Foto/illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Stad er eitt av dei mest vêrutsette og krevjande havområda i landet.

Kombinasjonen av storhavet frå vest, sterke straumar og raskt skiftande vêrforhold har gjennom generasjonar gjort området til ein flaskehals for sjøtransport på norskekysten. Mange fartøy må vente på betre vêr eller velje lengre og mindre effektive ruter.

Tunnelen vil bli om lag 1,7 kilometer lang og skal gå gjennom Stadlandet mellom Kjødepollen og Vanylvsfjorden.

Prosjektet handlar ikkje berre om samferdsel. Det handlar om tryggleik, beredskap og verdiskaping langs kysten. For sjøfart, fiskeri og havbruk er Stad ikkje eit lokalt ytterpunkt, men ein flaskehals i ei av dei viktigaste verdiskapingsaksane i landet. Når vêr og risiko gjer transport uforutsigbar, påverkar det heile verdikjeder – frå produksjon til eksport.

Skipstunnelen er planlagt for fartøy opp til:

meter høgde
0
meter breidde
0
meter djupgåande
0

Målet med Stad skipstunnel

Prosjektet har vore gjennom fleire tiår med utgreiingar, planlegging og politiske vedtak. Stad skipstunnel er i dag eit kontraktsklart prosjekt med ferdige anbod og gjennomført anskaffingsprosess.

Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.
Innsatsgruppa bak f.v.: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen. Foran f.v: Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikkje tilstades då biletet blei tatt.

Om innsatsgruppa

Innsatsgruppa for Stad skipstunnel består av:

  • Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest)
  • Tommy Sperre (Ålesundregionens næringforening)
  • Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane næringsråd)
  • Sverre Øvrelid Steen (Sunnmøre regionråd)
  • Elisabeth Hatlenes (Region Fjordane)
  • Linn Therese Skår Hosteland (Kystrederiene)

Dei arbeider på vegne av styringsgruppa som er samansett at dei to fylkeskommunane, NHO, LO, Hurtigbåtforbundet, Fiskarlaget og vertskommunane. Gruppa har ei koordinerande rolle i å samle kunnskap og følgje opp arbeidet med Stad skipstunnel.